Svensk minister: Bærplukking er moderne slaveri

Den svenske regjeringa vil regulere bærplukkingsbransjen der utanlandske arbeidarar blir hyra inn for å plukke skogsbær.
Likestillingsminister Pauline Brandberg samanliknar kommersiell bærplukking med ei form for slaveri, og seier lova bør bli endra.
– Det som går føre seg i svenske skogar kan ikkje skildrast som noko anna enn ei moderne form for slaveri. Og det skal sjølvsagt ikkje skje i Sverige. Det er heilt uakseptabelt, seier Brandberg til SVT.
I fjor skreiv ei gruppe på 250 thailendarar et brev til den svenske regjeringa der dei fortalde om overgrep og brot på arbeidsmiljølova. Dei skal ha budd under elendige forhold, og utan tilstrekkeleg med mat og losji. Mange skal også ha reist heim med gjeld i staden for løn.
(NTB)