To gasslekkasjar på 12 timar på Norne-skipet

Det siste døgnet har i overkant av 80 tilsette som jobbar på Norne-skipet i Norskehavet måtte gå i livbåtane. Årsaka har vore gasslekkasjar.
– Den fyrste skjedde rundt klokka 02 i natt, og den andre skjedde klokka 14, i samband med at vi skulle starte opp att anlegget etter stansen i natt, seier pressekontakt Ellen Maria Skjelsbæk til VG.
Ingen blei skada av lekkasjane. Equinor jobbar no med å undersøke årsaka til lekkasjane og å utbetre eventuelle feil.