To tunnelar er stengde på grunn av ulukke

Risnes og Romslotunnelane på E16 er stengde på grunn av ei trafikkulukke. Ein lastebil og ein personbil er involvert i ulykka, opplyser Idar Sangolt i Vegvesenet.
Det skal ikkje vere snakk om personskadar, skriv politiet på Twitter. Naudetatane er på veg.
Det har tidlegare i dag vore lange køar på E16 inn mot Bergen.
– Vi er i kontakt med entreprenørar for å kalle ut eventuelle dirigentar dersom stenginga blir langvarig, seier Sangolt.