Trafikken på Bergensbanen stoppa etter ras

Togtrafikken mellom Oslo og Bergen er stansa inntil vidare etter raset på Bergensbanen natt til fredag. Det er ikkje kjent kva som vil skje med avgangane laurdag morgon.
Geologar er på plass for å vurdere om det er trygt å fjerne skredmassane, skriv Bergensavisen. Bane Nor har varsla at ryddearbeidet truleg vil ta mange timar.