Truande mann pågripen på Galleriet

Politiet har pågripe mannen som kom med trugslar på kjøpesenteret Galleriet i Bergen sentrum. Mannen skal ha kome med trugslar, som gjorde at vektarane på kjøpesenteret valde å trekkja seg unna og kontakta politiet.
– Trugslane var av ein slik karakter at politiet valde å væpna seg, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Jørgen Ommedal.
Mannen vart isolert til eit toalett på kjøpesenteret, skriv NTB.
– Pågripelsen var udramatisk. Han kom til politiet og følgde dei pålegga han vart gitt, seier Ommedal.
Det er usikkert om mannen skal setjast i politiets varetekt eller ikkje. Han er i utgangspunktet siktet for trusler. Kjøpesenteret vart ikkje evakuert.