Tyrkisk nettverk tiltalt i Sverige – knytt til millionbeslag gjort i Noreg

Eit tyrkisk nettverk er tiltalt i Sverige etter kontantar på ein verdi av 40 millionar norske kroner blei funne i fleire store køyretøy på veg til Tyskland. Det skriv den svenske avisa Dagens Industri.
Ifølge avisa var den tiltenkte sluttdestinasjonen truleg Midtausten.
Det største beslaget blei gjort i ein betongbil.
Fleire av personane i saka har vore under overvaking frå norsk politi.
Ifølge avisa blei norsk politi gjort oppmerksame på ein av personane då tysk politi fann 10 millionar norske og svenske kroner i ein lastebil som transporterte laks frå Noreg.