Tyskland avviser krigserstatning til Polen

Tyske styresmakter har avvist Polens forsøk på å få i gang forhandlingar om erstatning etter andre verdskrigen. Polen meiner krigen påførte landet eit tap på rundt 6200 milliardar zloty, eller over 14.000 milliardar norske kroner. Dei har difor kome med krav om erstatning, men Tyskland meiner alle krav knytt til andre verdskrig er avgjort.