UD: Fordømmer russiske dataåtak

Utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap) fordømmer dataåtaka som har ramma ei rekke norske verksemder denne sommaren. Ei russisk gruppering har påtatt seg ansvaret og Huitfeldt legg til at Russland har eit ansvar for å hindre slik aktivitet.
– Digitale åtak har i sommar ramma verksemder i Noreg og nærståande land. Ei kriminell russisk gruppering har påtatt seg ansvaret. I saman med likesinna land fordømmer vi desse åtaka. Staten har eit ansvar for å ikkje tillate slik aktivitet innanfor sine grenser, skriv utanriksminister Anniken Huitfeldt på Twitter.