USA glade for bankoppkjøp

Sentralbanksjefen i USA Jerome Powell og finansminister Janet Yellen er glade for den sveitsiske bankfunksjonen, der UBS kjøper kriseramma Credit Suisse.
– Vi ønsker kunngjeringa frå sveitsiske styresmakter velkommen. Den finansielle stabiliteten er sikra, sa dei to i ei felles fråsegn.
Også den britiske regjeringa rosar styresmaktene i Sveits for å ha lagt til rette for fusjonen.