USA: Republikansk kongressmedlem omkom i bilulukke

Den republikanske politikaren Jackie Walorski mista livet etter ei trafikkulukke i Indiana i USA, melder Fox News.
Alle dei tre personane i Walorski sin bil omkom. Det same gjorde sjåføren i bilen dei kolliderte med. Han vart erklært død på staden, melder amerikanske aviser.
Walorski blei 58 år gammal, og har representert Indiana i kongressen i USA sidan 2013.