USGS: Meir enn 75 etterskjelv i Tyrkia

Minst 77 etterskjelv er registrert med ein styrke over 4 sidan jordskjelvet med styrke 7,8 blei utløyst måndag natt i Tyrkia, ifølge det amerikanske organet for geologiske undersøkingar (USGS). Det skriv CNN.
Tre av etterskjelva har målt ein styrke på 6 eller høgare, inkludert eit skjelv med styrke 7,5 som blei utløyst rett under 100 kilometer lenger nord for episenteret.
Etterskjelva strekk seg meir enn 300 kilometer langs forkastningssona i sørlege Tyrkia, som går få grensa til Syria og nordvest mot provinsen Malatya.