Valdshending i Gran

I Gran vart politiet tilkalt etter melding om ei valdshending. To menn sloss ved ein veg nær Gran sentrum. Begge har forklart seg for politiet, og begge er meldt for å ha utøvd vald. Den eine parten har mindre skader i ansiktet etter hendinga, skriv politiet på Twitter.