Vatn sig inn i tunnelar i Nordøyvegen

I relativt nye Nogvafjordtunnelen og Fjørtofttunnelen langs Nordøyvegen, sig det inn store mengder vatn, melder Smp.no. – Det fører til at det er store vassbasseng i botn, og i dei bassenga stig vatnet, opplyser fylkesvegsjef Ole Jan Tønnesen til avisa. Vatnet har enno ikkje nådd vegbana, men dei følgjer nøye med på utviklinga. Fylkeskommunen ha rekvirert fem pumpebilar og to traktorar for å få kontroll på situasjonen.