Vil ha auka bruk av punktskrift

Norges Blindeforbund vil ha punktskrift på daglegvarer, i bygg og i informasjon frå det offentlege for å gjere informasjon meir tilgjengeleg.
– Dette er viktig for at blinde og svaksynte skal ha tilgang til same informasjon som andre i samfunnet og ikkje bli diskriminert, seier generalsekretær Per Inge Bjerknes i ei pressemelding.
Det er i dag ikkje krav om punktskrift i alle bygg, i heiser og på skilt i Noreg. Blindeforbundet meiner dette kan vere i strid med konvensjonar for rettar til menneske med nedsett funksjonsevne.