Vogntog har køyrt seg fast på rv. 52

Eit vogntog har køyrt seg fast i vestgåande retning ved Bjøberg på riksveg 52 Hemsedalsfjellet. Brøytemannskap ønskjer ikkje fleire køyretøy vestover, og har derfor stengt fjellet i denne retninga. Austgåande retning er open som normalt, opplyser Vegtrafikksentralen Vest.