Will Smith snakkar ut om hendinga på Oscar-utdelinga i mars i ein ny video han har lagt ut på Instagram. Smith slo til komikar Chris Rock etter at Rock spøkte om kona hans, som lir av hårsjukdommen alopecia.
Smith seier han har tatt kontakt med Chris Rock, som svarte at han ikkje var klar for å snakke.
– Så eg seier dette til deg, Chris, eg beklagar til deg. Oppførselen min var uakseptabel, og eg er her når du er klar for å snakke.
Smith seier han er spesielt lei seg over å ha skuffa dei som har sett opp til han, og at han har brukt dei siste månedane på å prøve å forstå kva som skjedde.
– Eg skal ikkje brette ut om alt no, men eg kan seie til alle dykk at det er ingen del av meg som tenker at det var den rette måten å oppføre seg på i den augeblinken.
Han seier også at han prøver å ikkje skamme seg over hendinga.
– Eg er eit menneske, og eg gjorde ein feil.